|
AUSS sel Epax Austevoll Seafood ASA har i dag gjort avtale om salg av alle aksjane i Epax Holding AS. Vederlaget for aksjane er 561 millioner kroner. Årsaka for salet er hovidsakeleg eit ynskje frå konsernet side om å fokusera endå meir på kjerneverksemda: Pelagisk fiskeri og oppdrett, heiter det i pressemelding frå Alfabygget. 3. september 2010 - 10:57
Cruisebåtar til Haukanes i 2012 
Om alt går etter planen, og investorane melder seg, vil Haukanes og Austevoll vera klar til å ta imot dei fyrste cruisebåtane om to-tre år. Forprosjektet er klart og mannen som har arbeidd med dette i snart eitt år meiner dette vil verta revolusjonerande for heile kommunen. 2. september 2010 - 9:37
Gjev laksen ei hand 
Å fiska leppefisk er både innbringande og miljøvenleg. Leppefiskane vert setne ut i oppdrettsanlegg, der dei forsyner seg av lakselus. Dette kan redusera mengda lus i merdane og minska trongen for medisinering. Bli med og dra rusene til Håkon Ole Waage og sonen Erlend.
2. september 2010 - 9:37
Frå Salthella til russisk olje Ho reiste frå Selbjørn som femtenåring, og drog vidare til Oslo for å studera økonomi. Etter fleire år med arbeid innan kultur og litteratur sette ho seg på skulebenken att. No arbeider austevollingen i olje- og energidepartementet med Russland og sentral-Asia som ansvarsområde. 2. september 2010 - 9:36
Lærerikt om aldersavgrensa Korleis kan fotball for dei aller yngste verta kjekkare, meir lysttona og utvikla betre spelarar? Neppe ved å hoppa timesvis på tjukkasmadrassar vinterstid. Denne veka avslutta Selbjørn idrettslag to veker med aktivitetsleiarkurs. 2. september 2010 - 9:36
Ynskjer fleire instruktørar 
Likar du å symja, vera saman med ungar og gjera ein innsats for å gjera austevollingane symjedyktige? Då vil gjerne symjegruppa til AIK at du melder deg til teneste snarast. 2. september 2010 - 9:36
Gass for framtida Er LNG/gassdrivne fartøy framtida for ringnótflåten? Fleire reiarar vurderer nybygg i Austevoll, og delvis gassdrivne båtar er noko av dei dei funderer på. Dette designet er laga av Wärtsilä Ship Design på Fitjar. 1. september 2010 - 16:21
Klepsvik til Dar Es Salaam Noregs ambassadør til Venezuela, Ingunn Klepsvik, skiftar beite. Bistandsaktuelt melder at austevollingen no går over til å vera Noregs ambassadør i Tanzania. Base vert Dar Es Salaam, ved kysten til Indiahavet. Klepsvik har tidlegare vore mellom anna nestleiar i Norad og ambassadør til Nicaragua.
1. september 2010 - 12:09
Null mål mot Bjarg Festning Eidsbøen er i ferd med å slå sprekker. I ettermiddag klarte a-laget berre 0-0 mot Bjarg. Eitt av dei få lyspunkta til heimelaget var Joakim Melingen, som kom nærast nettkjenning med eit skot på overtid. Før pause var Bjarg farlegast, og hadde to relativt store sjansar.
Det siste kvarteret var det reservespekka heimelaget på stormlaup mot bortelagets mål, men makta ikkje å plaga målvakten til Bjarg altfor mykje, med unnatak av eit raid frå Inge Andre Rabben og Melingens smarte skot.
Dermed har AIK berre kapra tre av tolv mogleg poeng i haust. 28. august 2010 - 16:52
Gode makrellfangstar Over 7 200 tonn med makrell vart tatt av vel 30 båter i går. Mange av båtene var samlet på et felt litt nord for Tampetå, melder Noregs sildesalslag.
– Etter at kyst og ringnot hadde nokre fangstar tidligere i veka lenger sør, samla makrellen seg slik at det var stor aktivitet og mykje kasting i går, seier salsleiar Kenneth Garvik til eiga nettside.
Enno er det lite å spora av den mest atttraktive fisken, som er over 600 gram.
Av austevollflåten melde tolv båtar inn fangstar. Både "Møgsterhav" og "Møgsterhav" leverer makrellen sin hos Austevoll fiskeindustri. 27. august 2010 - 14:30
|