![]() |
|||
P R O T O K O L .År 2000, den 27. juli. 1800 - ble det halde medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag i Samfunnshuset på Hundvåkøy. Møte var utlyst i avisa "Marsteinen" og med telefon telefax og på laget si internettside. Ingen hadde noe å merke til innkallingen. Frammøte var etter måten godt. Saksliste:
Her kan medlemer ta opp saker som dei vil at fiskarlaget skal arbeide med. Sakslista vart godkjent med fyljande tilleggssaker:
Sak 17/00 Uttale om framlegg til Strategisk næringsplan for Austevoll 2000 – 2004. Orintering i saken/debatt. Vedtak: Styret i Austevoll Fiskarlag har fått Strategisk Næringsplan for Austevoll for 2000 – 2004 til uttale og har følgjande å merkje til den:
Fiskarlaget som organiserer storparten av desse fiskarane, også dei store fartøya, tar ikkje dette så tungt, men meiner det er feil strategi. Misgjerninga føyer seg tradisjonelt og forrutsigbart inn i det eldgamle mønsteret som går på at "fiskaren vart sessa nedst ved bordet, og lengst att i kyrkja når presten messa". 2 Under punkt 6 er nemnt betre hamner for mindre fiskebåtar. Austevoll Fiskarlag går inn for å trekkje inn i strategisk næringsplan og kommuneplanen ein skikkeleg småbåthamn i Hausnesvågen på Hundvåkøy. Ein eventuell interesse kan matrialiserast ved å danne eit båtlag som pådrivarar for prosjektet. Planen kan vere som følgjer: Austevoll Fiskarlag kan kalle inn til møte, eventuelt i samarbeidd med andre, for å sondere interessen og eventuelt få valet eit lokalt interimsstyre som får i oppdrag å arbeide med saka og organiseringa av eit båtlag. Interimsstyret finn ut om tilstrekkeleg tomt er til slags til kva pris. Skaffar forhandspåmelding av medlemmer, arbeider ut forslag til vedtekter for laget. Det bør vere verd å sjå på korleis organisering og finansiering av Rabben Båthamn er gjort. Ein småbåthamn vil skape ein fantastisk meirverdi for område. Dei mange unge fiskarane som veks til i område og ikkje har plass til å ha båt og reiskapar og som kan vurdere å flytte til andre kommunar kor slikt ligg til rette, er eit sterkt argument. Ei småbåthamn i område vil styrkje område og kommunen som attraktiv plass å flytte til for folk som har høg utdanning og løn eller idear for bedriftsetablering. Som ledd i dette arbeide må kommunen saman med medlemene i eventuell båthamnforening og oppsitjarane, vurdere å lage ein reguleringsplan for område, eventuelt for heile Torangsvåg inkludert Pollen.
Fiskarfagskulen.
Idear som kan trekkjast fram er:
5 Fiskarlagsmedlem i Kolbeinsvik føreslær at Rutebåtkaien i Kolbeinsvik vert vurdert omgjort til kommunekai (vederlagsfritt?) i forståing med dei som meiner å eige i kaien. Austevoll Fiskarlag stør denne tanken. Saka bør med i SNP.
I Prosjektoversynet på side 30 i forslag til plan, er det i prosjekt nr. 8 sett opp Austevoll Fiskeri og havbrukssenter, med fiskeri først i namnet. Austevoll Fiskarlag stør tanken om eit slikt senter og vil gjerne vere med i utforminga av kva det skal innehalde. Vi reagerer derfor på at Fiskarlaget ikkje er nemnt i kolonnen 8 for resursmiljø og viser i så måte til utsagnet i innleiinga. Vi foreslå at oppbygging av senteret vert starta med å kjøpe inn ein storsnurpar som det ligg mange ubrukt av for tida, p.g.a. fornying av ringnotflåten. Dei fleste er i fult brukbar stand. Meininga er i første rekkje å bruke båten til:
Etter kvart kan det verte bygd opp eit opprativsenter på land med eventuell nødvendig verkstad-eining og plass for forskartim m.m.
Sak 18/00 Fiskarpensjon/Sjømannspensjon Orientering i saken/debatt. Vedtak: Medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag meiner det er svært mykje uklart blant fiskarane om fiskarpensjonen og sjømannspensjonen og sammordninga mellom dei. Særleg bør det utarbeidast konkret og lettfatteleg informasjon om samordninga. Slik vi ser det bør fiskarpensjonen jamstillast med sjømannspensjonen.
Sak 19/00 Pilotprosjekt - samlekvote for kystflåten N. for 62° N - høyring. Orientering i saken/debatt. Vedtak: Medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag tykkjer ideen med samlekvote er interessant og stør pilotprosjektet. For Austevoll vil det og vere interssant å få vite om systemet eller deler av systemet med eventuell påbygging, kan være av interesse for ringnotflåten
Sak 20/00 Haverikomisjon for sjøulukker. Orientering i saken/debatt. Vedtak: Medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag stør forslaget om å opprette ein fast havarikomisjon for sjøulukker. Vi er også samd i at ordninga med sjøforklaring vert oppretthalden som ein frivillig ordning. Austevoll Fiskarlag går sterkt mot moglegheita til å slå saman ein havarikomisjon for sjøulukker med andre undersøkjingsorgan innanfor ulykker i transportsektoren. Ideielt sett burde det vere ein eigen haverikomisjon innan fiskeri. Austevoll Fiskarlag er av den oppfatning at det bør vere ein uavhengig havarikomisjon under et departement, fortrinsvis fiskeridepartementet.
Sak 21/00 Grunna i Torangsvåg Orientering i saken/debatt. Vedtak: Medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag vil minne om at fiskeflåten og båtane i Torangsvågen veks og det vert trangare og vanskelegare i vågen. Møte vil derfor purre på arbeide med å få pengar til å fjerne grunna som ligg mitt i innseglinga. Særleg vil vi peike på saka med å vende oss til dei politiske partia. Vi meiner politikarane frå Hordaland bør syte for at ein større del av løyvingar til hamner kan "tilflyte" Hordaland.
Sak 22/00 Refordelign av nordsjøsildkvoten og brislingkvoten i Nordsjøen 2000 Orientering i saken/debatt. Vedtak: Medlemsmøte i Austevoll Fiskarlag vil be om at refordeling av nordsjøsildkvoten og brislingkvoten vært refordelt med tilstrekkeleg overregulering seinast 1. Dessember. Vi ber om at Fiskarlaget Vest held denne saka "varm" ut over hausten til saka er avklart.
Sak 23/00 Å skrive under protokollen. Vedtak: Øystein Rabben og Edv. Johs. Stangeland. |
|||