![]() |
|||
|
P R O T O K O L . År 2000, den 26. April kl. 1830 - vart det halde styremøte i i Austevoll Fiskarlag på Leanaustet. Desse møtte: Øystein Rabben, Odd Anskar Aarland, Harald Knut Møgster, Mons E. Troland, Nils Johannes Johannesen, Alf Oddvard Bjånes. Saksliste:
Sak 1/00 Forbereding av Årsmøte. Orientering i saken Vedtak: Formannen får fullmakt til å fastsette dag og tidspungt for årsmøte innan 17. Mai. Framlagt Årsmelding vert å legge fram som styret si melding om lage sin virksomhete. Forslag om å sikte seg inn på mandag 8. eller fredag den 12. Mai. Kl 1700 eller 1830. Sak 2/00 Arbeide med den langsiktige del av kommuneplanen for Austevoll Kommune Orientering i saken. Vedtak: På noverande tidspungt har styret i Austevoll Fiskarlaget ikkje noko å merkja til arbeide med planen anna enn at det må takst hennsyn til at fastbuande får bygge naust på sine teigar og veg fram til nausta. Dette må skje framfor utanbygsfolk som får bygge kombinasjonshytte/naust i kommunen. Sak 3/00 Utbygging av Fiskarfagskulen i Austevoll Orientering i saken. Vedtak: Styret i Austevoll Fiskarlag har fått søknaden om utviding av Fiskarfagskulen til uttale og vil på det sterkaste stø søknaden. Austevollsflåten har fiska for rundt 650 - 675 mil.kr pr. år dei siste 4 åra. Austevoll Fiskarlag har i ei årrekkje (9 år) brukt på snitt ca. kr. 4.000 pr.år i kampanjeutgifter og gjesting overfor 9. og 10 kl. ved ungdomsskulane i kommunen for å oppfordre/oppmuntre avgangselevane til å satser på ei utdanning innan fiskeri, for å sikere flåten og næringa både på sjø og land kvalifisert arbeidskraft. Fiskarfagskulen er etter kvart vorten alt for liten og ubrukeleg. Her trengst det verkeleg utbygging og det snart. Og vi fiskarar tykkjer vi legg att så mykje pengar i samfunnsmaskineriet at det vil følast som eit svik av politikarane å ikkje få fortgang i ei framtidsretta tidsmesseig utbygging av skulen som faktisk er landsdekkande. Vi ynskjer lukke til med planlegginga og arbeide for utviding og står gjerne til teneste om De har bruk for oss. Sak 4/00 Vedtektsendring. Orientering i saken. Vedtak: Formannen får fullmakt til å utarbeide forslag til endring i vedtektene til årsmøte. Styret føreslår 7 styremedlemer og 14 varamedlemer. Formannen får også fullmakt til å sjå på alle paragrafer for å finne ut om det er behov for endring. Sak 5/00 Lokallagstrukturen. Orientering i saken. Vedtak: Saka vert å ta opp på årsmøte. Formannen får fullmakt til å skrive forslag til vedtak. Styret er bestemt på at lokallaget må bestå i ein så pass stor fiskerikommune som Austevoll. Der det er så få medlemmer at det er vanskar med å få et lag til å fungere bør ansvaret overføres til fylkeslaget, eller laga slå seg saman. Sak 6/00 Utdjuping av innseglinga til Busepollen i Austevoll Kommune Orientering i saken. Vedtak: Styret i Austevoll Fiskarlag er svært posetiv til tiltaket og stør på det sterkaste alternativ 1 molo i Hestavik Sak 7/00 Søknad om tillatelse til utviding av eksisterande kai i Naustvågen – Møgster Vedtak: Styret Austevoll Fiskarlag har ingen ting å merkje til utbyggingssaka.
Møte slutt.
Øystein Rabben Henry Birkeland Odd Anskar Aarland Harald Knut Møgster (s.) (s.) (s.) (s.)
Mons E. Troland Nils J. Johanneen Alf Oddvard Bjånes (s.) (s.) (s.)
Rett avskrift
Øystein Rabben
|
|||