![]() |
|||
|
ÅRSMØTE PROTOKOLUTSKRIFT . År 2000, den 8. mai, vart det halde årsmøte i Austevoll Fiskarlag hos Øystein Rabben. Møte tok til kl. 1930. Frammøte var dårleg. Møte var utlyst med annonse i Marsteinen med møtestad Leanaustet som tydeleg vis hadde gløymt oss. Møte vart derfor etter 20 minutt flytta til Øystein Rabbens bolig Ingen hadde noko å merke til innkallinga. Møte vart lovleg stat..
Saksliste:
Sakslista vert vedteken med fyljande tilleggssaker under eventuelt:
Sak 8/00 Årsmelding Vedtak: Årsmøte vedtek den framlagde Årsmelding som laget årsmelding for 1999.
Sak 9/00 Rekneskap. Vedtak: Årsmøte vedtek det framlagde rekneskap som lagets rekneskap for 1999.
Sak 10/00 Bevilgningssaker Orientering i saka. A/ Engasjementet over for ungdomsskulane. Vedtak: Det vert løyvd nødvendige midlar til å fortsette det tradisjonelle engasjementet overfor ungdomsskulane. Det sette ei grense for kr. 4.500,- B/ Sponsing av vidospelar til Eidsbøen Ungdomsskule. Orientering i saka. Vedtak: Årsmøte løyver kr.495,- som anndel til videospiller til Eidsbøen Ungdomsskule. C/Heimeside Årsmøte løyver nødvendige midlar til etablering av heimeside for eit år på prøve. Formannen får fullmakt til å vurdere beste alternativ.
Sak 11/00 Lokallagsstrukturen Orientering i saka. Vedtak: Årsmøte i Austevoll Fiskarlag er av den bestemte oppfatning at i stor og viktige fiskerikommunar som Austevoll og andre, bør lokallaga oppretthaldast. Lokalaget er viktig for å ivareta fiskarane sine interesser over for kommunale, fylkeskommunale og sentrale styresmakter og for å stimulere og oppfordre ungdomen til å satse på næringa. Men årsmøte ser og at det til tider kan vere vanskar med å oppretthalde aktiviteten. Og for mindre lag kor aktiviteten og det formelle er på 0-stadiet, bør ein vurdere å la fylkeslaget overta ansvaret for at medlemene får kome til med sine synspunkt, eller at laget sler seg saman med andre. Ei løysing kor Fylkeslaga overtok eit betydeleg større ansvar med å skaffe medlemmane sit syn på enkeltsaker som kjem opp, ville etter vår tru vere ein mykje meir effektivare og profesjonell måte å drive forarbeidet til høyringsuttalelsar. Innhenting av synspunkt kunne foregå ved sentrale medlemsmøte/saksseminar om saka/sakene. Desse medlemsmøta tok Fylkeslaga sjølv initiativet til og annonserte og administrerte. Andre måtar var at både Fylkeslaga og Norges Fiskarlag la sakene ut på internett og ba om synspunkt. Med eit slikt system burde Fylkselaga opprette lokale kontaktmedlemer ute i distrikta kor lokallaga formelt var nedlagde eller fråteken formell status. Desse skulle i hovudsak benyttast som rådgjevarar i utbyggingssaker i sjø. Dei burde ha instruks om orintera seg blant medlemmer som saka berører. Det kan og vurderast å opprette kontaktmenn/tilitsmenn om bord i fiskeflåten som fylkeslaga og Norges Fiskarlag kan benytte som rådgjevarar
Sak 12/00 Vedtektsendring Orientering i saka. Vedtak: I § 3 endes i 2. linje. Minimum 3 til (minimum 2) I § 4 f endes i linje 2 og vidare: (må) til (bør) og i linje 3 f , i tillegg til etter skal: (så langt råd er) Og etter siste setning (Et eventuelt-pungt kan være med på sakslista i innkallelsen, for å kunne ta ikkje-vansklelige saker opp på årsmøte/medlemsmøte. Disse sakene skal godkjennes sammen med saksliste ved møtets byrjing. I § 5 1. linje endres 11 til (7) I tillegg i samme setning etter ordet medlemmer: (og 14 varamedlemer som er nummeret.) I § 7 i tillegg til første setning etter ordet varsel: (minimum 2) I 3. linje settes komma etter medlemsmøte og fortsetter: (helst) o.s.v Etter og: (eller) 4 strykes. Punktum etter styremedlemer og resten strikse. Setningen blir da slik: "Formannen kan samankalle til medlemsmøte, helst i samråd med nest formannen og eller styremedlemer."
Sak 13 Val. Orientering i saka. Vedtak: I styret: Øystein Rabben, formann Odd Anskar Aarland Edvard Johs. Stangeland Harald Knut Møgster Henry Birkeland Daniel Torsvik, nestformann Hans Edv. Bakke Varamedlemer:
Det vert føreteke gjennval på dei som er på val ved dette årsmøte, slik at det gamle styret fungerer inntil vidare. Det nye styret trer i funksjon når dei nye vedtektene er godkjent av Fylkeslaget.
Sak 14/00 Bestandsutviklingen for bunnfiskarter i Nordsjøen. Orintering i saka Vedtak: Årsmøte i Austevoll Fiskarlag ser med stor bekymring på bestandsutviklingen for bunnfiskartene torsk, sei, hyse og lange i Nordsjøen. Årsmøte tykkjer saka hastar og meiner forvaltningsmyndighetene bør sette i verk strakstiltak så vi ikkje får samanbrott i desse artar. Dersom det ikkje let seg gjere å få eit samarbeid med EU, bør Norge sette i verk tiltak i eigen sone. Årsmøte vil be Fiskaralget Vest prioritere saka særs høgt og orintere seg om den blant havforskarar. Saka bør om nødvendig fyllast opp over eit lengre tidsrom og eventuelt takast opp på fylkeslagets komande årsmøte. Sak 15/00 Utbygging av Fiskarfagskulen i Austevoll. Orintering i saka. Vedtak: Årsmøte i Austevoll har fått svar fra Hordaland Fylksekommune om vår uttale til utbyggingssøknaden av Fiskarfagskulen i Austevoll. Av svaret går det fram at utbygginga er på 13 og sisteplass i ein utbyggingsplan frå 1996 og at berre den første utbygging er ferdigstilt og nr. 2 er på gang. Årsmøte legg for dagen interesse for kven dei mellomværande utbyggingsprosjekt er, i rekkjefølgje. Årsmøte i Austevoll Fiskarlag etterlyser det politiske samsvar mellom satsing og tru på den næringa vi skal leve av når oljeforekomstane er slutt og undervisning til og innan denne næringa. Utbygging av Fiskarfagskulen i Austevoll om 10 – 15 år er heilt uakseptabelt og kan ikkje vere anna enn politisk vannstyre sett i høve til dei vyar ein har for fiske og oppdrett i det framtidige Hordaland. Vi ber Fiskarlaget Vest kalle inn fylkespolitikar frå alle part til eit møte om utbygginga, med sikte på å få den politiske leiinga i fylke til å ta eit næringspolitisk ansvar når det gjeld fiskeriutdanning. Formannen får fullmakt til å fylgje opp denne saka og halde styret orientert.
Sak 16/00 Fortøying av forlist oppdrettsanlegg v/Rabbaboen Rabben mek.Verksted Orintering i saka Vedtak: Formannen får fullmakt til å arbeide med denne saka. Det bør gå på å få rydde opp, om nødvendig finne ut kven som er forsikringsselskap og har hovudansvar. Eventuelt finne ut om det ligg noko på botten.
Sak 16/00 Å skrive under protokollen. Vedtak: Odd Anskar Aarland saman med formannen. |
|||