ÅRSMELDING FOR AUSTEVOLL FISKARLAG 1999

Styret:

I meldingsåret har Austevoll Fiskarlag hatt flygande styre:

Frå Selbjørn: Varamedlemmer frå Selbjørn:

Øystein Rabben (formann)
Nils Bjarte Djupevåg

Bjarne Hevrøy

Sigbjørn Waage

Leif Audun Njåstad

Oddvin Ottrå

Simen Hagen

Attle Skiftesvik

Frå Hundvåkøy: Varamedlemmer frå Huftarøy:

Daniel Torsvik (nestformann) Lars Johan Melingen

Tor H. Østervold

Olav O. Østervold Mons A.Troland

Mons E.Troland

Hans Edv. Bakke Nils Magnar Taranger

Knut Magnus Østervold.

Fra Huftarøy: Varamedlemmer fra Hufterøy:

Heine Møgster Henry Birkeland

Arne H. Birkeland

Harald Knut Møgster Nils Ingolf Haugland

Oddvar Hevrøy

Alf Oddvard Bjånes Asbjørn Møgster

Halvard Bertin Birkeland.

Frå Stolmen og Litlekalsøy: Varamedlemmer frå Stolmen/Litlakalsøy:

Odd Anskar Årland Nils Johannes Johannesen

Hans Reidar Njåstad

Edv. Johs. Stangeland Rune Njåstad

Jonny Aarland.

Forsikringstillitsmann: Øystein Rabben.

Desse er på val i årsmøte 2000.

Leiar Øystein Rabben, nestleiar Daniel Torsvik . Styremedlemene: Olav O. Østervold, Heine Møgster, Alf Oddvard Bjånes og Edv. Johs Stangeland. Forsikringtillitsmannen. Representantar til årsmøte i Fiskarlaget Vest.

 

Medlemssituasjonen.

I liste av 23.02.2000 hadde laget 113 gyldige medlemmer registrert pr. 31.12. 1999. På same tid sto 15 til rest med kontigenten og ikkje vert rekna med. Av dei som var medlem hadde 44 medlemsforsikring og 30 innbo/pakkeforsikring.

Økonomien i laget.

Økonomien i laget har betra seg ved utgangen av 1999 på grunn av stigning på fondsandelane i Fokus-SMB.

Det vart derfor på medlemsmøte på hausten beslutta å fortsette engasjementet over for ungdomsskuleelevane og bevilga nødvendige midlar til det.

 

Møte og organisasjonsverksemda

Det er i året halde årsmøte for 1998 den 10. April og to medlemsmøte, et den 30. Mai og et den 18. Oktober.

I desse møta er det til saman handsa 30 saker, 10 meir enn i fjor. I januar var laget på si årvisse gjesting med yrkesorientering hos 10. Kl. ved ungdomsskulane. Svein Fagerbakke ved Vest-Norges fiskebåteigarlag, Bjarte Flem fra Westcoast A/S og rektor ved Fiskarfagskulen Erik Rosenvold Var med. Elles var nestleiar i Austevoll Fiskarlag, Daniel Torsvik styremdl. Edv. Johs Stangeland og varastyremdl. Henry Birkeland med frå laget. Vi hadde med oss ein del materiell om utdanning og fiskerinæringa og elevar og lærar fekk T-skjorter med påskrifta: "Fiskerinæringa har mange greiner og moglegheiter. Den har bruk for meg seier dei i Austevoll Fiskarlag" Vi vert svært godt motteken på skulane både av elevar og lærarar. Vi trur dette har positiv effekt på rekrutteringa til fiskerinæringa på sikt.

 

Saker som har vore handsama i møta:

1/99 Årsmelding

2/99 Rekneskap

3/99 Framtidig struktur av kystflåten og resursfordeling innan og mellom gruppene etter år 2000.

4-10/99 Diverse valg.

11/99 Ny bru over Torangsvåg – betre utnytting av pollen innanfor.

12/99 Den havgåande flåtens fiske med fastståande redskaper i kystfarvatten.

13/99 Manglande merking og tilsyn med farleier

13/99 Flytebryggje i moloen i Stolmavågen.

14/99 Å skrive under protokollen.

16/99 Båtmarina ved Søreide i Heiamarkepollen

17/99 Sjøkabel v/Vasseide mellom Grepaneset – Notvollen

18/99 Flytebryggje i Sturteviken

19/99 Kloakkutslepp til Bekkjarvikesundet via Drivenesvågen/Eikholmsundet

20/99 Vassleidning i Bjånespollen ved Storebø.

21/99 Straumførande sjøkabel i Busepollen ESE av Trollholmen

22/99 Førebels uttale til rullering av hovedplan for vassforsyning i Austevoll.

23/99 Vinterloddefiske år 2000.

24/99 Samarbeide med andre land om makrellkvoten i internasjonale farvatn.

25/99 Fiskarfradraget for fiskere

26/99 Minstefradraget.

27/99 Engasjement over for ungdomskuleelevane. (2000)

28/99 Utbyggingssaker i sjø, uttale til:

1 Søknad om tillatelse til bygging av kai på Møgster fra Langøylaks

2 Søknad om tillatelse til bygging av kai i Torangsvåg fra Birger Drønen

3 Søknad om tillatelse til å legge ut flytebrygge i Torangsvåg fra Hans Magnus Drønen m/fl.

4 Søknad om tillatelse til å legge ut flytebrygge i Heiemarkepollen, frå Tor Magnus Heimark

5 Søknad om tillatelse til å legge ut flytebryggje i Hauglandsvågen, fra Eivind Haugland.

6 Søknad om tillatelse til bygging av kai i Naustvågen på Møgster, frå Arne Møgster.

29/99 Utviding av Rabben Havn

30/99 Hjelp frå Fiskarlaget til hjemmesideetablering.

 

Uttale i utbyggingssaker/planar i og ved sjø og på land.

Austevoll Fiskarlag får til uttale samtlege utbyggings og plasseringssaker i og ved sjø, samt regulerings og utbyggingsplanar på land. Rutinen er at leiar vurderer sakene og tek kontakt med nestleiar og eller medlemer som kjenner staden og vurderer om det må reagerast. Ofte vert det gjeve muntlege meldingar om sakene vist det ikkje er noko å merkje. Er det møte på gang vert sakene lagd fram i møte. Særs viktige saker vert halde ekstra møte på. Det er helst slike slike som det er kome inn protestar på.

Fyljande saker er motteken i 1999 og vore vurdert utan at det er gjeve skriftleg uttale:

  1. Reguleingsplan for Grasdalssjøen
  2. Søknad om konsesjon på marine artar v/Anita Melingen Austevoll Havbruk A/S
  3. Søknad om konsesjon for dyrking av flatøsters – Grøneboten i Busepollen v/Tove Pettersen/May Sandahl
  4. Søknad om frådeling av parasell til naust i Pollen Torangsvåg – gnr. 35 bnr.46 (positiv uttale gjeve)
  5. Søknad om tillatelse til utlegging av utsleppsledning fra Haugsneset Hundvåkøy
  6. Søknad om tillatelse til utlegging av utsleppsledning i Haukanesvågen
  7. Søknad om ny lokalitet for Troland Lakseoppdrett A/S ved Klubbholmen
  8. Søknad om tillatelse til utlegging av straumførande sjøkabel i Melingsvågen frå Asbjørn Helland
  9. Reguleringsplan for deler av gnr. 6 bnr. 7 Veivåg – Bustad, fritidshus, naust.
  10. Søknad om utplassering av testbøye i område ved Marsteinen fyr

Det er viktig å gjere det klårt for folk flest at det berre er medlemmene sitt syn som vert teke omsyn til i slike uttalelsar. Det har vist seg at Fiskarlaget sitt syn har stor gjennomslagskraft hos Fiskarisjefen og fiskerimyndighetene elles. Det hender at ikkjemedlemer prøver å påverke Fiskarlaget. Det fører ikkje fram utan at det samsvarar med medlemmer sitt syn. YNSKJER DU DERFOR Å VERE MED Å PÅVERKE UTBYGGING I OG VED SJØ, ER DET EI FØREMON Å VERE MEDLEM I AUSTEVOLL FISKARLAG.

Fiske, flåte og fiskarar.

Kommunen hadde 26 store ringnotfartøy ved utgangen av 1999, den største ringnotflåten i lande. Av fartøya har 18 kolmulekonsesjon. Ringnotflåten fekk 3 nybygg, "Østerbris" kom den 15. Mai i staden for "Havbraut"og "Vendla" den 26. August i staden for båt med same namn seld til Færøyane og "Møgsterfjord" den 5. September i staden for gamle båten som vart seld ti Island. Elles vart det innkjøpt det 3 brukte ringnotbåtar til kommunen. Det var "Møgsterbas" – "Furen" og "Hundvåkøy" alle tre innkjøpt med ringnot og kollmulekonsesjonar. Møgsterøy vart kjøpt utan konsesjon og gjekk inn i staden for enten "Lafjell" eller "Lafjord" som gjekk innatt i kystvakta. "Talbor" vart seld til Island og "Talbor jr." vart sett innatt i fiske. I Austevoll hadde om lag 230 fiskarar fiske som hovedyrke. Totalt var der om lag 290 i manntalet. Det betyr at om lag 60 var på bla A.

Det tyder på at potensialet for medlemskap i Austevoll Fiskarlag er over 100 medlemer.

Vi inverterer derfor uorganiserte fiskarar til medlemskap.

Styret takkar til slutt medlemene i lager for aktiviteten og interessa for felles beste i 1999 og ynskjer lukke til med fiske i 2000. Håpar vi fortsatt kan stå saman i arbeide til beste for oss sjølve og næringa.

 

På styremøte 27.04.00 vedtok styre å legge forslaget til årsmelding fram for årsmøte som meldign frå styret om laget si verksemd 1999.

 

Austevoll Fiskarlag