
| Bilde
viser M/S"Østerbris" av Hundvåkøy med storkast på sida i august
1999. Fangstområde er Norskehavet ca. 72 grader N og 9 grader og
20 minutt E. Fangsten er ca. 600-700 tonn storsild. Eigar av båten
er medlem Olav H. Østervold. Den er prosjektert av Vik & Sandvik,
Fitjar og bygd på Malta/Kopervik 1998/1999. Kom ut 15. Mai 1999,
er 68,10 m. lang, 12,6 m. brei og har 5800 MaK diesel. Toppfart
ca. 16-17 knop, lastekapasitet 1700 tonn. |
| Austevoll Fiskarlag vart skipa den 16 desember 1988 med samanslåing
av Selbjørn Fiskarlag, Hufterøy Fiskarlag og Hundvåkøy Fiskarlag
i det medlemmene i desse laga kollektivt gjekk inn i det nye laget
med kr. 30,- pr. medlem. Den øvrige kontantbeholdning og eigendeler
vart deretter disponert på øyane av avviklingsstyra i dei gamle
laga. På Selbjørn vart dette overført til Selbjørn Fiskerisogelag.
På årsmøte 17. Juni 1990 kom Stolmen Fiskarlag med på same betingelsar
og like eins den 7. mai 1994 kom Litlakalsøy Fiskarlag med. Det
arbeides med å få Møgster og Storekalsøy Fiskarlag med p.g.a. at
medlamstalet der er blitt for lite i høve til vedtektene. Det tar
ei nødvendig vedtektsfesta betenkningstid for laga. |
|
Saker som ligg til handsaming
|
|
|
|
Informasjon
|
Møteprotokollar
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|